Handtering av personopplysningar
Valenza Forskaling AS er ansvarleg for opplysningane som blir sende inn via denne nettsida.
Kva me samlar inn
Når du sender inn kontaktskjemaet, registrerer me namn, telefonnummer, eventuell e-postadresse, stad og det du skriv om prosjektet.
Kva opplysningane blir brukte til
Opplysningane blir berre brukte til å svare på førespurnaden din og til å gi pris eller råd om arbeidet. Me sel ikkje opplysningar vidare.
Kor lenge me lagrar
Førespurnader som ikkje fører til oppdrag, blir sletta når dei ikkje lenger er aktuelle. Opplysningar knytte til oppdrag blir lagra så lenge rekneskapslova krev det.
Rettane dine
Du kan når som helst be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningane me har om deg. Ta kontakt på telefon, så ordnar me det.
Spørsmål om personvern kan rettast til Valenza Forskaling AS, Håvåsen 45, 5416 Stord, telefon 94 16 38 51.